Kjenner du bygda di?

                       

Om sidene
Kart
Litle Døvik
Geitaskjer
Voster
Vervik
Kjølevik
Amdal
Heggheim
Tidsmaskinen
Lenkesamling
Tilbakemeldingar

 


Lokalhistoriske sider for 
Nordre Strand


Velkommen til startsida for undervisningsopplegget "Kjenner du bygda di?" Her kan du besøkja nokre av gardane i Nordre Strand skulekrets i Strand kommune, Rogaland. Du kan både læra om korleis folk hadde det i Nordre Strand før, og du kan klikka deg vidare "ut i verda" på lenkene du møter i opplegget.

Til slutt kan du kanskje besøkja Tidsmaskinen. Der kan du skriva om noko av det du har lært. 

God tur! 
Hugs at omvegar gir turen ekstra opplevingar!

Velkommen til ei reise frå her til der, mellom før og no,         ..... og tilbake igjen....

Tidlegare var det fire skulekretsar i det som no er Nordre Strand skulekrets.



De e godt å høyra te i Nore Strand!
(mel.: Du skal få ein dag i mårå..)

I heile vida verdå e der møgje fint og stort.
På verdenskartet e me mindre enn ein fluelort.
De e karte så e gale, adle metermål te tross,
e der liga møgje soloppgang å himmel øve oss!

refr.:
Her e  monge gode hender, og møgje god forstand,
de e godt å høyra te i Nore Strand!
Her e fjell og her e vidde, her e sjø og åkerland
og folk så helde livet sitt i stand!
Å om det sakta rigne litt og gråna rundt omkring,
så kan du alltid smedla te å laga deg ein ting!
Her e monge gode hender, og møgje god forstand.
De e godt å høyra te i Nore Strand.


Men når du verte vaksen, må du kanskje flytta vekk,
då har du med ein barndom i ein diger nistesekk.
Når stora, vida verdå får ein kald og hustren eim,
ligge heila gamla bygdå der å vise veien heim!

                                                 (Tekst: Asgjerd Taksdal)

 

Treffteller

 

  .    © 2003 Johannes Sørskår